Klimathon2022

Velkomen til Klimathon 2022 på Voss, med naturbaserte løysingar for klimatilpassing som hovudtema. Det blir to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet.

logoen til Klimathon2022

Løysinga er naturbasert – korleis gjer vi det og kva løyser det?

Klimathon2022 set søkelys på klimatilpassing i norske kommunar med konkrete oppgåver retta mot naturbaserte løysingar. 

FN har peikt ut 2021–2030 til verdas tiår for restaurering av økosystem. FN ønsker med dette å løfte arbeidet med å restaurere forringa og øydelagde økosystem som tiltak for å møte klimakrisa, styrke matvaretryggleik, vassforsyning og naturmangfald. Med andre ord, det er ikkje lenger nok å bevare natur – vi må i tillegg restaurere det som er øydelagt. Naturbaserte løysingar spelar ei nøkkelrolle her og vert framheva av FNs klimapanel og Det internasjonale naturpanelet som kostnadseffektive måtar å nå berekraftsmåla til FN.

Naturbaserte løysingar går ut på å løyse samfunnsutfordringar gjennom å ta utgangspunkt i naturlege prosessar og økosystem. Ideen er å utvikle alternativ til tradisjonelle teknologiske tiltak. Naturbaserte løysingar vert inspirerte av og baserer seg på bruk av natur og kan ha fleire tilleggsverdiar. Døme kan vere elverestaurering for å ta vare på natur og biomangfald, vernskog som rasførebygging, i tillegg til bevaring og gjenskaping av myr og etablering av blå-grøn infrastruktur, som regnbed og grøne tak, for å handtere flaumfare og overvatn.

Naturbaserte løysingar for klimatilpassing skal ifølge dei statlege planretningslinjene for samordna energi- og klimaplanlegging være hovudregelen i arbeidet med klimatilpassing i Noreg. Dersom andre løysingar vert valde, skal det ifølge planretningslinjene grunngjevast kvifor dei naturbaserte løysingane er valde bort.

Klimathon2022 vil handle om viktige spørsmål kring kva naturbaserte løysingar kan løyse i arbeidet med klimatilpassing.

Sidan mange kommunar står framfor å skulle planlegge og ta i bruk ulike naturbaserte løysingar framover, er det viktig å undersøke desse løysningane med eit kritisk blikk. Sidan naturbaserte løysingar har fleire ulike definisjonar, kan løyse mange ulike problem og involverer mange ulike aktørar er det viktig å diskutere: kva er og kva løyser naturbaserte løysingar for klimatilpassing? Like viktig er det å diskutere kva naturbaserte løysingar ikkje er, og kvar grensene for kva naturbaserte løysingar kan bidra med går.

Heile arrangementet er basert på kunnskapsdeling og problemløysing på tvers av fag og sektor.

Nye løysingar og ny innsikt

Klimathon er eit hackathon-inspirert arrangement, der vi jobbar på tvers av fag, sektor og geografi for å løyse utfordringar knytt til klimatilpassing i Noreg. Med grunnlag i spennande gruppeoppgåver arbeider vi fram nye løysingar og ny innsikt om komplekse tema. Resultata blir samla og formidla til deltakarar og andre interesserte i etterkant av arrangementet.

Program

Program for Klimathon2022.

Målgrupper

Vi inviterer deg som jobbar med klimatilpassing i kommunen, fylkeskommunen, andre offentlege etatar, forsking, bedrifter og frivillige organisasjonar til å bli med på to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet! 

Klimathon2022 gjer det mogleg å samarbeide med nye kollegaer og utvide kontaktnettverk på tvers av sektor og fag – det er ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid.

Grupper og påmelding

Klimathon er særskilt designa for spesifikke føremål, og vi er avhengige av å kunne setje saman grupper på tvers av fag, sektor og geografisk representasjon. Vi kan derfor ikkje garantere plass på Klimathon 2022 før etter påmeldingsfristen.

Det vil vere eit tak på maks. 80 deltakarar for å kunne handtere alle aktivitetane på en strukturert måte. Vi gir beskjed om du har fått plass innan 1. november. Vert vi for mange påmeldte, vil vi prioritere deltakarar for å oppnå breiast mogleg samansetting av erfaring, sektor og forvaltningsnivå i gruppene. Deltakarar som registrerer seg tidleg vil verte prioritert der det er mogleg.

Praktisk informasjon

Gruppesamarbeidet er eit av dei viktigaste elementa i Klimathon-arrangementet. Pass på at du kan delta begge dagane før du registrerer deg. Det blir felles middag 16. november.

Overnatting og reise

Deltakarar bestiller sjølv reise og overnatting, og dekker kostnader for dette.

Det er inngått avtale med Scandic Voss. For å bestille hotellrom gå inn på scandichotels.no, velg hotell: Scandic Voss og dato 16.–17. november. Bruk koden: BNOR161122 for å få avtalepris.

Påmeldingsavgift

Gratis