Plan-, klima- og folkehelsekonferansen 2021

"Globale spørsmål – lokale svar" er namnet på årets plan-, klima- og folkehelsekonferanse. Fristen for å melde seg på er 27. oktober.

Kommunane og lokalsamfunna våre er i stadig utvikling. Eit klima i endring, tap av naturmangfald, utjamning og inkludering er utfordringar vi må løyse i fellesskap, for å skape livskraftige stadar for morgondagen.

God lokalsamfunnsutvikling krev planlegging, der samspel mellom kultur, natur og menneske og nye samarbeidsformer står sentralt.

Her kan du sjå fullstendig program for konferansen.

Følg med på nett

Store delar av konferansen blir sendt direkte på nett, heile dag 1 og parallellsesjonen om stadutvikling på dag 2. Workshopar og diskusjonar blir ikkje del av sendinga på grunn av personvernomsyn.

Du kan følgje konferansen på denne lenka.

Praktisk informasjon

Fylkeskommunen dekkar dagpakke og middag for tre delkakarar frå kvar kommune. Dei som treng overnatting, bestiller hotell sjølve.
 
Det er bindande påmelding etter 27. oktober 2021. Dersom du melder deg av etter fristen, blir du fakturert ei avbestillingsavgift for det du var påmeldt (530 kr for kvar dag og 665 kr for middag) – dersom ikkje plassen kan fyllast av personar på venteliste.