Delta i kartlegging

Er du oppteken av grøn næringsutvikling? Korleis kan di verksemd bidra til dette arbeidet? Gi dine innspel i kartlegginga som vart lansert på nyttårsmøtet 10. januar.

Utsleppa i verda må ned, og samarbeid er nøkkelen for å få det til. Vestland har unike føresetnadar for å ta ei leiarrolle i det grøne skiftet, men vi må prioritere innsatsen der vi har best sjanse for å lukkast.

Vi vil ha deg med på Team Vestland! Derfor ønsker vi no å invitere til eit breitt samarbeid på tvers av verdikjeder og geografi. Skal vi nå målet om eit utsleppsfritt Vestland innan 2030, må vi alle saman dra i same retning.

Har du innspel?

Vi ønsker å samle inn innspel og refleksjonar frå så mange som mogleg for å få oversikt over kva ressursar som finst i fylket vårt. Korleis kan dykkar verksemd/organisasjon bidra til dette arbeidet?

Har du spørsmål?

Ta kontakt med GRV@vlfk.no.