Nyttårsmøtet 2021
Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis ønskjer velkomen til DIGITALT nyttårsmøte tysdag 5. januar. Sjå oppdatert program og lenke til nett-tv.
Fylkestinget har vedteke Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 og dermed sett retning for dei neste fire åra. Planen bygger på berekraftmåla til FN, og politikarane har no verktøyet for å gjere Vestland til det mest framoverlente fylket.
For at vi skal lukkast med oppfølginga av planen, må innsatsen vere tufta på samspel og samarbeid. Vi skal inkludere, inspirere og mobilisere heile vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande utvikling.
Hovudtema i møtet blir
- klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
- styrka vekstkraft i heile fylket
Heile programmet finn du under.
Her kan du lese meir om innleiarane på nyttårsmøtet 2021.
Følg møtet på nett
Vi følgjer nasjonale smittevernråd og etter regjeringa sine nye tilrådingar er møtet no heildigitalt. Du kan sjå opptak av møtet på denne lenka
Program
Opning og velkomen
Velkomstord
fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis
Forventingar til framtida
elevar på Voss gymnas
Utviklingsplan for Vestland - frå ord til handling
fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis
-
Klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga
Verden på Vippepunktet
Dag O. Hessen, professor ved UiO
Klimagevinst ved sirkulær økonomi og gjenbruk av eldre bygningsmasse
Simen Bjørgen, direktør i Norsk kulturminnefond
Berekraftig matproduksjon med lågare miljøavtrykk
Anders Felde, leiar Vestland Bondelag
Kva gjer vi no?
Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet Hordaland
Stemningsrapport og spørsmål via Slido
-
Pause
-
14.00 Styrka vekstkraft i heile fylket
Ansvarleg næringsliv i Vestland – scenarioanalysane, Kunnskapsgrunnlaget
Vegard Sjursen, direktør i EY Consulting Bergen og Maria B Helsengreen, Partnar i EY
Tibber - grøn energi
Edgeir Vårdal Aksnes, administrerande direktør i Tibber
EU sin Green deal – Grøn omstilling i EU
Merete Mikkelsen, direktør Vest-Noregs Brüsselkontor
Sogn for alle – regionalt samarbeid for auka bulyst og sysselsetjing blant innvandrarar
Hilmar Høl, ordførar Årdal kommune
Stemningsrapport og spørsmål via Slido
Avslutning
fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis