Nasjonal klimaomstillingskonferanse #Klimaomstilling2021

29. april arrangerer vi årets utgåve av den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2021. Konferansen blir digital i år òg. Meld deg på!

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn stiller for å snakke om dei politiske konfliktene som skjuler seg i regjeringa si nylanserte stortingsmelding om klima. Professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking forklarer kvifor han trur covid-19 vil etterlate seg eit meir berekraftig reiseliv, og Marie Storli frå Rethinking Economics Norge argumenterer for at sirkulærøkonomi er vegen til berekraftig klimaomstilling.  

Vi byr òg på ei utspørjing av tre politiske kommentatorar om kva vi kan vente oss av stortingsvalet til hausten. Kva slags klimapolitikk får vi? Her stiller Magnus Takvam (NRK), Anders Bjartnes (Energi og klima) og Kjetil Alstadheim (Aftenposten). 

Du finn heile programmet for konferansen på klimaomstilling.no 

I år vil vi dagen før dagen ha posterpresentasjonar med studentar frå Høgskulen på Vestlandet sitt masterprogram Climate Change Management. Der vil dei presentere masteroppgåva deira, og vere tilgjengelege for diskusjon, og svare på spørsmål. Det blir også lansering av ny klimafilm av Johan Wildhagen. Meir informasjon om dette kjem. 

Konferansen er gratis og føregår på Zoom.  

Du kan melde deg på her. 

Dersom du har spørsmål