Høyringsmøte i Sunnfjord: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Campus Verftet inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Campus Verftet arrangerer Vestland fylkeskommune regionalt høyringsmøteVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for kommunane SunnfjordHyllestadAskvollFjaler og Solund men om du kjem frå ein annan region er du også velkommen til å delta.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

Møteleiar: Mette Nora Sætre Vestland fylkeskommune

1000 – 1005 Velkommen ved fylkesordførar Jon Askeland

1005 – 1015 Orientering om Campus Verftet ved Øyvind Østrem

1010 – 1040 Presentasjon av plan og handlingsprogram ved Jan Heggheim, Vestland fylkeskommune

1040 – 1130 Inviterte innlegg frå kommunar:
                        Sunnfjord Kommune, Olve Grotle
                        Fjaler kommune, Kjetil Flelde
                        Solund kommune, Gunn Åmdal Mongstad
                        Hyllestad kommune, Kjell Eide

1130 -  1200 Pause
1200 - 1300 Inviterte innlegg frå representantar frå næringsliv og andre:
                       Førde Industri og næringsforeining, Geir Opseth
                       Helse Førde, Arve Varden
                       Bondelaget, Anders Felde
                       Wergelandgruppen, Irene Wergeland
                       Sparebanken Sogn og Fjordane, Jo Dale Pedersen
                       Sogn Industri, Tomas Eikelid

1300  - 1310 Ordet fritt

1310 - 1340 Avslutning: Kommentar til planen, Jens Kristian Fosse, HVL
                       Oppsummering og vegen vidare ved Kathrin Jakobsen Vestland fylkeskommune