Høyringsmøte i Sogn - Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Sogn næring inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Sogn næring arrangerer Vestland fylkeskommune regionalhøyringsmøteVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for Sogn-regionen med kommunane Sogndal, Vik, Luster, Lærdal, Høyanger, Årdal og Aurland, men dersom du kjem frå ein annan region er du også velkommen til å delta.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

Møteleiar: Mette Nora Sætre, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune

10.00 Velkommen v/ Gunn Cecilie Hunderide i Sogn næring og fylkesdirektør Bård Sandal i Vestland fylkeskommune
10.10 Presentasjon av plan og handlingsprogram v/Endre Høgalmen, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune
10.30 Inviterte innlegg frå kommunar:
           Luster v/ordførar Ivar Kvalen
           Vik v/ordførar Roy Egil Stadheim
           Lærdal v/ordførar Audun Mo
           Sogndal v/ordførar Arnstein Menes og tenesteleiar Joakim Systaddal
           Høyanger v/ordførar Petter Sortland
           Årdal v/ordførar Hilmar Høl
11.40 Pause
12.20 Inviterte nnlegg frå næringsliv og andre:
           Agnar Holen, styreleiar, Sogn Næring
           Åslaug Stadheim, leiar, Vik Næringssamskipnad
           Endre Kleiveland, Sogn Frukt og Grønt
           Kjetil Hovland, dagleg leiar, Digital Etikett
           Solrun Hjelleflat, konsernsjef, Aurland ressursutvikling
13.10 Ordet fritt
13.25 Oppsummering og vegen vidare