Høyringsmøte i Nordhordland: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Klar Bedrift inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Klar Bedrift arrangerer Vestland fylkeskommune regionalt høyringsmøteVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for kommunane Alver, AustrheimGulenMasfjordenModalen, Osterøy, Vaksdal og Fedje, men om du kjem frå ein annan region er du også velkommen til å delta.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

10.00 Velkommen
10.10 Presentasjon av plan og handlingsprogram
10.40 Innlegg frå kommunar
11.50 Pause
12.20 Innlegg frå næringsliv, organisasjonar og andre
13.20 Ordet fritt
13.30 Oppsummering og vegen vidare