Høyringsmøte i Nordfjord: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Måløy vekst inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Måløy vekst arrangerer Vestland fylkeskommune regionalt høyringsmøte i NordfjordregionenVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie digitale regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for Nordfjordregionen med kommunane StrynBremangerGloppenStad og Kinn, men deltakarar frå andre regionar er også velkomne.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

Møteleiar: Mette Nora Sætre, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune

10.00 Velkommen v/ Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland fylkeskommune og Randi Humborstad, Måløy Vekst
10.10 Presentasjon av plan og handlingsprogram v/ Jan Heggheim, fagdirektør i Vestland fylkeskommune
10.40 Inviterte innlegg frå kommunar 
           
Stad, v/ ordførar Alfred Bjørlo
           Kinn v/ordførar Ola Teigen
           Bremanger v/ordførar Anne Kristin Førde
           Gloppen v/ næringssjef Knut Roger Nesdal
           Stryn v/ ordførar Per Kjøllesdal
11.40 Kort tilbakemelding
11.50  Pause
12.20 Inviterte innlegg frå representantar frå næringsliv:
           Arild Bødal, Invest 24, Stryn Tech Hub, Stryvo/Nomek
           Preben Moen, Gloppen hotell, Classic Norway
           Agnar Lyng, Babord/Stadyard
           Øyvind Reed, Whereby/Ecobait
           Stein Kvalsund, Ocean Hyway Cluster
           Britt Dalsbotten, Havlandet og Fjordbasen i Florø
           Randi Humborstad, Måløy vekst
13.30 Ordet fritt
13.40 Avslutning v/ Sølve Dag Sondbø, seksjonsleiar, Vestland fylkeskommune