Høyringsmøte i Bergensregionen: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Bergen næringsråd inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Bergen næringsråd arrangerer Vestland fylkeskommune regionalt høyringsmøteVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for kommunane BergenBjørnafjordenAskøyØygardenAlver og Samnangermen om du kjem frå ein annan region er du også velkommen til å delta.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

Meir informasjon om program kjem.