Høyringsmøte Hardanger og Voss: Berekraftig verdiskaping - Regional plan for innovasjon og næringsutvikling

Vestland fylkeskommune i samarbeid med Næringshagen i Ullensvang inviterer til digitalt høyringsmøte for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling.

Den regionale planen Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling er ute på høyring med frist 26. mars 2021.
Sjå informasjon om høyringa her.

I samarbeid med Næringshagen i Ullensvang arrangerer Vestland fylkeskommune regionalt høyringsmøteVi inviterer til å få ein presentasjon av planen, moglegheit til å gi munnlege innspel til planen og stille spørsmål.  

På grunn av koronasituasjonen vert møtet gjennomført digitalt og lenke vert sendt ut til påmeldte.

Målgruppe

Vi arrangerer ein serie regionale høyringsmøte. Dette er høyringsmøte for kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvam, men om du kjem frå ein annan region er du også velkommen til å delta.

Innbyggjarar, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunar, politikarar og næringslivet er velkomne til deltaking.

Program

Møteleiar: Mette Nora Sætre, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune

10.00 Velkommen v/ Sigrid Brattabø Handegard,  fylkestinget i Vestland, og Anna G. Langesæter, Næringshagen i Ullensvang 
10.15 Presentasjon av plan og handlingsprogram v/Kathrin Jakobsen, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune
10.40 Innlegg frå kommunar
           Hardanger-kommunane v/ rådsordførar i Hardangerrådet, Torgeir Næss
           Voss herad v/Hans Erik Ringkjøb, ordførar Voss herad
11.20 Pause
11.50 Innlegg frå næringsliv, organisasjonar og andre:
           Visit Hardangerfjord og Destinasjon Voss
           Landbruk, Frukt- og sidernæringa v/Harald Alvavoll
           Hardanger Industri og Hardanger Hydrogen Hub v/Ingvald Torblå
           Næringshagen i Ullensvang v/ Anna G. Langesæter
12.50 Ordet fritt
13.10 Oppsummering og vegen vidare v/ Endre Høgalmen, seksjonsleiar i Vestland fylkeskommune