Foreldremøte om psykisk helse

Sjå opptak av foreldremøtet om psykisk helse. Vestland fylkeskommune har stor satsing på å betre forhalda for ungdom i ein vanskeleg situasjon.

Møtet er både for foreldre og elevar i vidaregåande skule. Foto: Shutterstock.
Møtet er både for foreldre og elevar i vidaregåande skule. Foto: Shutterstock.

 

Sjå sendinga i opptak her. 

Program

  • Krafttak for psykisk helse
    fylkesordførar Jon Askeland
  • Kvardagsråd for foreldreunder pandemien
    Åshild Huiberts, psykologspesialist, Haukeland universitetsjukehus
  • Psykisk helse frå eit rektorperspektiv
    Rune Dolvik, rektor ved Sandsli vgs.
  • Info om massetesting av covid-19
    Ola Jøsendal, fagsjef, Helse Vest
  • Avslutning
    Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse
Her er nokre tips som Wenche Haukanes, helsesjukepleiar på Sandsli vgs. og psykologspesialist Cecilie Steinsland ved psykologteamet til Vestland fylkeskommune har skrevet: 
 

Foreldrerolla under korona

Pandemien har ført til store endringar i mange sine liv. Mange opplever eit auka stressnivå samtidig som begrensa moglegheitar til å drive med dei aktiviteta som gir oss glede gjer oss mindre beskytta. Vi ser at belastningane på barn og unge er store. Pandemien treff ungdommen i ein livsfase som i seg sjølv er krevjande med store endringar i kropp og hovud. I denne livsfasen er kontakten med jamnaldrande svært viktig, og sjølvstendiggjering er den sentrale «utviklingsoppgava».  Samtidig tilbringer dei meir tid heime enn nokon gong og heimeforholda har derfor blitt endå viktigare enn før. Korleis kan vi ivareta ungdommen og forebygge konfliktar i ei krevjande tid? 

Å auke ressursane

Inviter til samtalar i fredstid om tema som:

  1. Kva er vi gode på som familie?
  2. Kva er dei beste stundene i familien vår?
  3. Kva kan vi gjere meir av for å få det endå betre?

NB: Det er viktig å hugse på at alle, unge som vaksne, har si eiga forståing av røyndommen av korleis familien fungerer som system.

Å styrke relasjonen

Gode relasjonar verkar beskyttande. Relasjonane til dei som står oss nærast er dei aller viktigaste. Gjennom desse relasjonane utviklar vi vår sjølvkjensle, evne til sjensleregulering, sjølvtillit og meistringstro. Du kan påverke relasjonen til ungdommen din ved å:

  • vise positive kjensler, vise at du er glad i ungdommen din.
  • justere deg til ungdommen, gripe moglegheitene som ligg der.
  • snakke med ungdom om det dei er opptekne av.
  • gi ros og oppmuntring til det ungdommen får til.
  • gi anerkjenning til det ungdommen er.
  • gjere hyggelege ting saman som familie.
  • hjelpe ungdom til å tåle og takle utfordringar. Det er lov å vise sterke kjensler.
  • utforske ungdommen sitt perspektiv og forståing. Lytt!
  • sette grenser på ein positiv måte. Eit nei, kan òg vere eit kjærleg ja.
  • legge til rette for reparasjon etter konflikt.

Å ta vare på seg sjølv aukar evna til å vere der for andre

Som foreldre har vi hovudansvaret for det kjenslemessige i familien.  Foreldre må rydde på eigen banehalvdel for å kunne rettleie ungdommen i deira sjølvstendiggjering på ein god måte. Våg å be om hjelp om det er noko du eller de strevar med. Då viser du veg for at ungdommen din òg kan søke hjelp om det trengs.