Webinar – Saman om sentrum

Korleis kan vi samarbeide for å lage gode sentrum i byar og tettstadar i fylket vårt? Bli med på webinar, der vi tek utgangspunkt i nyare forsking om samarbeidsmodellar i sentrumsområde.

Rapporten Sammen om sentrum, løftar fram ulike former for offentleg-privat samarbeid, og rommar ei eksempelsamling med byar og tettstadar som jobbar med dette på ulikt vis.

Du kan følgje werbinaret på denne lenka.

Får konkrete verktøy

Webinaret er ope for alle, men er særleg relevant for kommunale planleggarar, politikarar og aktørar i lokalt næringsliv.

Målet er å gje deltakarane konkrete verktøy for nye samarbeidsmodellar for sentrumsområde i deira kommunar. Kommunane og andre samfunnsaktørar skal gå frå seminaret og vite korleis dei skal ta sentrumsutviklingssamarbeidet vidare heilt konkret og praktisk.

Eksempelkommunar deltek

Prosjektleiar Guri Mette Vestby frå OsloMet losar oss gjennom hovudmoment i rapporten. Ordførarane i kommunane Ulstein og Moss er invitert til å utdjupe prosessen og metodane sine i arbeidet med sine bysentre.

Seminaret vil ta føre seg korleis kommunen dannar samarbeidsmodellar, og sentrale spørsmål er t.d.:

  • I kva grad har det vore nytta formelle avtaleverk og etablert forpliktingar og forventningar?
  • Har kommunen utarbeida handlingsplanar eller strategiar som andre kommunar kan dra nytte av å kjenne til?

Program

10.00 Velkommen og intro til dagens tema v/ seksjonsleiar Synnøve Stalheim og Liz Eva Tøllefsen, Vestland fylkeskommune
10.10 Guri Mette Vestby presenterer høgdepunkt frå rapporten «Sammen om sentrum». 

Korleis gjer vi det?
11.00 Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein kommune - Sentrum høyrer til oss alle
11.20 Ordførar Hanne Tollerud i Moss kommune - Mangfoldige Moss; varmere, skapende og grønnere
11.40 Samtale – høve til å stille spørsmål i melding undervegs gjennom sli.do.
12.00 Slutt