Webinar: Samfunnsplanlegging i ei brytningstid

Webinaret 23. november tek føre seg tema menneskevennlege og levande lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv og Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.

Webinar er det andre av to slike digitale samlingar som vi arrangerer som oppfølgjng av plan-, klima- og folkehelsekonferansen 27. oktober.

Program

Velkommen

v. Synnøve Stalheim, seksjonleiar for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune

By og bygd - menneskevennlege og levande lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv

Introduksjon

v. Liz Eva Tøllefsen, seniorrådgjevar Vestland fylkeskommune

Lokal tettstadsutvikling i det grøne skiftet

v. Arild Eriksen frå arkitektkontoret Fragment, Oslo

Tettstadpakkar for attraktiv, inkluderande og klimavennleg stadutvikling

v. Marianne Knapskog, prosjektleiar i Transportøkonomisk institutt

Kor berekraftig er Ålesund? Samarbeid med partnarar for å nå måla

v. varaordførar Vebjørn Krogsæter og kommunedirektør Astrid J. Eidsvik

Aldersvenleg stadutvikling, universell utforming – rolla til kommunen

v. Øystein Bull-Hansen, Bylivssenteret i Norske arkitekters landsforbund (NAL)

Grey Matter. Eldre i byen – Mellom Voss og New York, Bergen

v. Jérome Picard og Elida Mosquera, arkitektkontoret Local

Ordskifte mellom innleiarar og spørsmål frå publikum (via Slido)

Pause

----

Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg

Velkomen tilbake – no handlar det om korleis grøn omstilling kan bidra til å styrke regionen

v. Mette Nora Sætre, seksjonsleiar for verdiskaping i byar og regionar, Vestland fylkeskommune

Kunnskap for grøn omstilling – scenarioanalyse for framtidas næringsliv i Vestland

v. Kathrin Jacobsen, seksjonleiar for forsking, kompetanse og internasjonalisering, Vestland fylkeskommune

Berekraftig besøksforvaltning for levande lokalsamfunn

v. Ann Heidi Hansen, prosjektleiar og Hanne Lykkja, prosjektmedarbeidar i prosjektet Besøksforvaltning i Nordland, Nordland fylkeskommune

Omstilling lokalt for grøn konkurransekraft globalt

v. Helene Frihammer, Klimapartnere Vestland

GNIST – innovative løysingar for smart og berekraftig stad- og næringsutvikling

v. Malin Kock Hansen, DOGA

Rettleiar for sjøområda

v. Kristin Nordli, Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland

v. Kristin Nåmdal, plansjef i Alver kommune

Avrunding: Korleis blir Vestland det leiande verdiskapingsfylket?

v. Mette Nora Sætre, seksjonsleiar for verdiskaping i byar og regionar og Synnøve Stalheim, seksjonsleiar for plan, klima og folkehelse