Planlegging i ei brytingstid

Plan-, klima- og folkehelsekonferansen tek føre seg blant anna klima- og naturmangfaldskrisene, og korleis vala vi gjer i dag påverkar framtida i fylket og verda.

Konferansen gjekk føre seg 27. oktober og er no tilgjengeleg som opptak på denne lenka.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis var ordstyrar for dagen og sa dette i forkant av konferansen:

Vi lever i ei brytingstid der vi må endre samfunnet vårt i ei meir berekraftig retning for at òg komande generasjonar skal ha gode levevilkår. Det er noko av tematikken for konferansen, som vil ta føre seg blant andre desse spørsmåla:

  • Korleis løyser vi i fellesskap klima- og naturmangfaldkrisene vi ser i verda i dag?
  • Korleis påverkar dagens vegval morgondagens samfunn?
  • Kva meiner dei unge om framtidas Vestland?
  • Korleis møter vi dei store globale samfunnsutfordringane som klimaendringar, ei veksande befolkning som skal dele dei same ressursane og økonomisk ustabilitet?

Nytenkjande innleiarar

Fylkesvaraordførar Natalia Golis leiar oss gjennom dagen. Med oss har vi fått kunnskapsrike og nytenkjande innleiarar, og som også vil delta på ein felles samtale og diskusjon mot slutten av samlinga.

Innleiarane og nokre nøkkelaktørar vert samla på Litteraturhuset i Bergen og vi håper med det å skapa ei god dynamisk digital samling.

Vi flyttar dei planlagde sesjonane med djupdykk innafor ulike tema til to webinar i november og kjem attende til program og tider for desse.

Målgrupper

  • tilsette og politikarar i kommunane i Vestland
  • fylkespolitkarar
  • tilsette i statlege etatar, næringslivet og utdannings- og forskingsinstitusjonar
  • planleggarar
  • folkehelsekoordinatorar
  • klimakoordinatorar
  • næringsliv
  • konsulentar
  • interesseorganisasjonar 
  • andre med interesse for berekraftig utvikling av gode og framtidsretta verksemder, byar og lokalsamfunn