LivOGLyst-konferansen 2020, Skei i Jølster

LivOGLyst-konferansen er ein møtestad og arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling. Tema for årets konferanse er Kreativ mobilisering.

Partnarskapen Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland ønskjer velkommen til LivOGLyst-konferansen 1. oktober 2020 på Skei i Jølster.

Aktuelle deltakarar

Konferansen er ein møtestad og arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling, tilsette i kommunar og for lag og foreiningar som ønskjer å søkje om inntak til LivOGLyst-programmet.

Deltaking på LivOGLyst-konferansen er gratis.

Om LivOGLyst-programmet

LivOGLyst er eit program og ein trinnvis støtteordning som er tufta på brei og kontinuerlig involvering av innbyggjarar. Lag og foreiningar kan søkje om opptak til programmet på vegne av sitt lokalsamfunn og samarbeid med kommunen er ein føresetnad for å lukkast.  Gjennom LivOGLyst-programmet får prosjekta tilgang på kompetanse, nettverk, tett oppfølging frå den regionale partnarskapen og økonomisk tilskotTa gjerne kontakt med prosjektleiar Ingeborg Sofie Sætrevik for meir informasjon.
Sjå her for meir informasjon om søknadsfrist og kriterier.

Program

Møteleiarar: Ingeborg Sofie Sætrevik, prosjektleiar for LivOGLyst-programmet, Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune, May Britt Otterlei, Innovasjon Noreg Vestland og Ragna Flotve, Fylkesmannen i Vestland.

Stad: Thon Hotel Jølster på Skei

Kl. 09.30 Registrering

Kl. 10.00 Velkommen v/ Endre Høgalmen, leiar for Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune

Kl. 10.15 Kva er LivOGLyst-programmet og korleis få folk med seg?  v/Ragna Flotve, Fylkesmannen i Vestland

Kl. 11.00  Stad, meining og medverknad v/Mona Elisabeth Steinsland, seniorrådgjevar By- og stadsutvikling, Vestland fylkeskommune

Kl. 11.25 Spørsmål og diskusjon

Kl. 11.35 Kaffipause

Kl. 11.50 Korleis skapa noko saman? v/ Geir Lyngaas, Distriktssenteret

Kl. 12.30 Lunsj

Kl. 13.30 Erfaringsutveksling frå LivOGLyst-prosjekt

Kl. 14.30 Workshop v/LivOGLyst-arbeidsgruppa

Kl. 15.45 Takk for no og vel heim! v/ Christian Rekkedal, Fylkesmannen i Vestland