LivOGLyst-konferansen 2020 i Bergen

LivOGLyst-konferansen er ein møtestad og arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling. Tema for årets konferanse er Kreativ mobilisering.

Partnarskapen Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland ønskjer velkommen til LivOGLyst-konferansen 29. september 2020 I Bergen.

Aktuelle deltakarar

Konferansen er ein møtestad og arena for alle som er interessert i lokalsamfunnsutvikling, tilsette i kommunar og for lag og foreiningar som ønskjer å søkje om inntak til LivOGLyst-programmet.

Deltaking på LivOGLyst-konferansen er gratis.

Om LivOGLyst-programmet

LivOGLyst er eit program og ein trinnvis støtteordning som er tufta på brei og kontinuerlig involvering av innbyggjarar. Lag og foreiningar kan søkje om opptak til programmet på vegne av sitt lokalsamfunn og samarbeid med kommunen er ein føresetnad for å lukkast.  Gjennom LivOGLyst-programmet får prosjekta tilgang på kompetanse, nettverk, tett oppfølging frå den regionale partnarskapen og økonomisk tilskotTa gjerne kontakt med prosjektleiar Ingeborg Sofie Sætrevik for meir informasjon.
Sjå her for meir informasjon om søknadsfrist og kriterier.

Program

Møteleiarar: Ingeborg Sofie Sætrevik, prosjektleiar LivOGLyst-programmet, Kjersti Sognnes, Vestland fylkeskommune, May Britt Otterlei, Innovasjon Noreg Vestland og Ragna Flotve, Fylkesmannen i Vestland

Stad: Grand Hotel Terminus, Zander Kaaes gt. 9, Bergen

Kl. 09.30: Registrering

Kl. 10.00 Velkommen v/Endre Høgalmen, leiar for Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune

Kl. 10.15 Lokalsamfunnsutvikling og kreative mobiliseringsprosessar v/Ragna Flotve, Fylkesmannen i Vestland

Kl. 10.40 Ulike metodar for samskaping og mobilisering v/ Rita Agdal og Inger Helen Midtgård, Høgskulen på Vestlandet

Kl. 11.10 Lunsj

Kl. 12.00 Workshop ABCD (Asset based community development) v/ Rita Agdal og Inger Helen Midtgård, Høgskulen på Vestlandet

Kl. 14.30 Kaffipause

Kl. 14.40 Stad, meining og medverknad v/Mona Elisabeth Steinsland, seniorrågjevar By- og stadsutvikling, Vestlandfylkeskommune

Kl. 15.00 Erfaringsutveksling frå LivOGLyst-prosjekt

Kl. 15.45 Takk for no og vel heim! v/ Ole-Andreas Smette, Innovasjon Noreg Vestland