Koordineringsmøte om marin forsøpling

Med marin forsøpling på agendaen inviterer Vestlandsrådet til koordineringsmøte i Stavanger.

I 2020 har vi valt å utvide koordineringsmøte med ein ekstra dag for å få ytterligare utbytte av samarbeidet ilag med ein supplerande workshop.

Møtet blir arrangert av Vestlandsrådet i samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Rogaland, og Senter for oljevern og marint miljø.

Merk at møtet går over to dagar, på to ulike stader i Stavanger!

Målgruppe og agenda

Med dette møtet ønskjer vi at frivillige, næringsliv, klynger og det offentlege får presentert ny kunnskap om marin forsøpling, samtidig som vi lager ein samlingsplass for nettverksbygging og kunnskapsdeling på tvers av næringsinteresser, organisasjonar og forvalting.

Vi vil sjå nærmare på status på opprydding, metodar, førebygging, finansiering, handtering av avfall, ny forsking og kunnskap, innovasjon, teknologi utfordringar og potensielle løysingar.

Pris

Møtedeltaking 31. mars: Pris kr. 660,- pr. person. Frukost og lunsj er inkludert i prisen.

Deltaking på felles middag om kvelden 31. mars kjem i tillegg på kr. 600,- pr. person.

Deltaking på workshop 1. april: Lunsj er inkludert.

Påmeldinga er bindande.

Korleis komme seg til Clarion Hotel Energy

Ta tog til Stavangar, og dra vidare med buss til Stavanger turnhall. Ta buss; 3, 6, 7, 9 og 29 frå Stavanger sentrum/Bussterminalen til Stavanger turnhall. Kjem ein med fly kan ein ta flybussen til turnhallen.

Overnatting

Du må dekke og ordne overnatting sjølv. Det kan du gjere på Clarion Hotel Energy, cl.energy@choice.no . Pris: kr. 1290 pr. døgn 

 

Førebels program

Dag 1: Koordineringsmøte 31. mars kl. 09:00 - 20:00
Stad: Clarion Hotel Energy, Ishockeyveien 2, Stavanger

09.00 - 09.30: Frukost & mingling

09.30 - 09.45: Velkommen

09.45 - 11.00: Strategiar og tiltak for gjennomføring

11.10 - 13.45: Forsking, innovasjon og utvikling

13.45 – 16.00: Nasjonal kartløysing, og metodar for opprydding

18.00 - 20.00: Felles middag

Dag 2. Workshop 1. april kl. 09:00 – 13:00
Stad: Fylkesmannen i Rogaland, Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger

09.00 - 12.15: Workshops

12.15 - 13.00: Lunsj

13.00: Vi avsluttar arrangementet, vel heim!