Klimathon2020

18. og 19. november kan du delta på Klimathon for tredje gong! I år går vi ONLINE med klimarisiko som hovudtema. Bli med på to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet!

 

klimathon2020 logo_Artboard 2.jpg

Korleis forstår vi klimarisiko?

Klimarisiko blir forstått på ulike måtar. I Klimathon2020 vil vi jobbe med korleis ulike forståingar av omgrepet kan nyttast i klimatilpassingsarbeidet. Målet er å finne fram til eit felles utgangspunkt for å forstå klimarisiko og for korleis klimarisiko kjem opp på den lokalpolitiske dagsorden. Gruppeoppgåvene vil gi rom for å utvikle løysingar for å betre knytte klimarisiko opp mot lokalt næringsliv, planlegging og utbygging.

Nye løysingar og ny innsikt

Klimathon er eit hackathon-inspirert arrangement, der vi jobbar i tverrsektorielle grupper for å løyse utfordringar knytt til klimatilpassing i Norge. Med grunnlag i spennande gruppeoppgåver arbeider vi fram nye løysingar og ny innsikt i eit komplekst tema. Resultata blir samla og formidla til deltakarar og andre interesserte i etterkant av arrangementet.

Her kan du lese om resultat frå Klimathon2019

Målgruppe

Klimathon2020 er ein moglegheit til å samarbeide med nye kollegaer og utvide ditt kontaktnettverk på tvers av sektor og fag – det er ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid! Hovudmålgruppa er alle som jobbar med klimatilpassing i kommunar, andre offentlege etatar, klimaforsking, bedrifter og frivillige organisasjonar.

Grupper og påmelding

Klimathon er særskilt designa for spesifikke føremål, og vi er avhengig av å kunne setje saman grupper som er tverrfaglege, tverretatlege og geografisk representative grupper. Vi kan derfor ikkje garantere plass på Klimathon 2020 før etter registreringsfristen. Sjølv om Klimathon2020 blir ONLINE må vi framleis avgrense talet på deltakarar i år for å kunne handtere alle aktivitetane på ein strukturert måte. Vi gir beskjed om du har fått plass innan 15. oktober. Ved overbooking av arrangement vil vi prioritere deltakarar for å oppnå breiast mogleg samansetting av erfaring, sektor og forvaltningsnivå i gruppene. Deltakarar som registrerer seg tidleg vil verte prioritert der det er mogleg.

Korona-atterhald

Per 10. august har korona-situasjonen forverra seg i Norge og i andre deler av Europa. Vi har teke avgjerda om å overføre Klimathon2020 online til plattforma Zoom. Vi skal jobbe framover med å utvikle ei løysing på Zoom som skaper den same motivasjonen og engasjementet som tidlegare Klimathon har gjort. Ved å bruke Zoom opnar vi og for enda breiare geografisk representasjon enn tidlegare.

Klimathon2020 er eit samarbeid mellom følgjande organisasjonar:

Klimathonwebside_ALLElogoer.jpeg