VIDEOMØTE - Innspelsmøte om Nasjonal transportplan 2022–2033

Vestland fylkeskommune inviterer til innspelsmøte om Nasjonal transportplan (NTP) 2022–2033 fredag 27. mars. Møtet blir gjennomført som nettmøte og vert streama her på heimesida til fylkeskommunen.

Du kan sjå møtet her frå 27. mars kl. 10.00

Vestland fylkeskommune har frist til å sende inn sine prioriteringar til Nasjonal transportplan 2022–2033 innan 14. mai 2020. Vi legg stor vekt på å involvere samarbeidspartane våre. I februar gjennomførte vi tre regionale innspelsmøte, og der fekk vi fekk mange verdifulle synspunkt.

På bakgrunn av at samferdselsetatane har fått frist til å levere framlegg til prioriteringar til Samferdselsdepartementet innan 13. mars, ser vi behov for ytterlegare eit innspelsmøte.

På møtet vil etatane informere om prioriteringane sine og om konsekvensar for Vestland.

Meld frå om innlegg innan 26. mars

Dei som ønskjer det, får halde eit innlegg på inntil tre minuttar. Vi ber om at dei som ønskjer det, melder i frå om dette og sender eventuelle presentasjonar til matti.torgersen@vlfk.no og silje.christine.alvsaker@vlfk.no seinast kl. 13.00 torsdag 26. mars.

Presentasjonar kan vere på maksimalt to ark. Vi vil gje nærare informasjon om oppkopling til dei som vil halde innlegg, men det vil vere eit krav om tilstrekkeleg med bandbredde og eit godt headset med mikrofon.

Program

Kl. 10.00 Velkomen ved Jon Askeland, fylkesordførar
Kl. 10.15 NTP-prosessen og vidare framdrift ved Jan Fredrik Lund, Samferdsledepartementet
Kl. 10.25 Etatane sine framlegg til prioriteringar og konsekvensar for Vestland ved Nils Magne Slinde, Statens vegvesen; Trond Høyde, Jernbanedirektoratet; Anne Britt Otterøy, Kystverket; Helge Eidsnes, Avinor
Kl. 11.10 Fylkeskommunen sine prioriteringar ved Dina Lefdal/Håkon Rasmussen
Kl. 11.25 Pause
Kl. 11.30 Innspel frå samarbeidspartar
Kl. 12.30 Oppsummering ved Jon Askeland, fylkesordførar

Nærare informasjon om fylkeskommunen sitt arbeid med Nasjonal transportplan 2022–2033 og moglegheit for å sende inn innspel finn du på www.vlfk.no/ntp.