Høyringsmøte: Planprogram for Regional plan for innovasjon og næring

Planprogrammet for regional plan for innovasjon og næring er ute på høyring. 13. august arrangerer vi høyringsmøte, og du kan både følgje med og stille spørsmål på nett.

Planprogrammet for utarbeiding av regional plan for innovasjon og næringsutvikling har ein svært viktig strategisk funksjon der utvalde satsingsområde vert prioriterte. Vi ønskjer mest mogleg engasjement rundt planarbeidet og flest mogleg høyringsinnspel, slik at dette blir ein plan mange kan stille seg bak.

På høyringsmøtet vil vi ha førebudde innlegg, men møtet blir digitalt og er ope for alle.

Lenke til streaming av møtet

Eventuelle spørsmål du har kan du sende inn på sli.do og få svar mot slutten av møtet. Koden er #68878.

Anten du representerer ein kommune, næringsliv, lag, organisasjon eller berre er deg sjølv, kan du kome med høyringsinnspel og meiningar innan høyringsfristen 20. august.

Program 

Velkomen og innleiing
Kl. 9.00–9.10 Velkomen ved leiar av hovuduval for næringTor André Ljosland 
Kl. 9.10–9.30 Kort presentasjon av planprogrammet ved seksjonssjef Mette Nora Sætre og seniorrådgjevar Harald Offerdal frå Vestland fylkeskommune
Kl. 9.30- 9.40 Beinstrekk – digital kaffi

Førebudde kommentarinnlegg

Kl. 9.40–11.10 Innlegg frå regionråda
• Bergensregionen ved byråd Erlend Horn
• Regionrådet Nordhordland ved ordførar i Masfjorden, Karstein Totland
• Samarbeidsrådet Sunnhordland ved ordførar i Austevol, Morten Storebø
• Hardangerrådet ved ordførar i Kvam, Torgeir Næss
• Sogn regionråd ved ordførar i Årdal, Hilmar Høl
• Nordfjordrådet ved ordførar i Stad, Alfred Bjørlo
• Samarbeidsforum i Sunnfjord ved ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle
• HAFS ved ordførar i Gulen, Halvard Oppedal 

Kl. 11.10–11.40 Pause

Kl. 11.40–13.20 Andre aktørar
• NHH Norges Handelshøyskole ved rektor Øystein Thøgersen
• Vestlandsforsking ved direktør Anders Johan Almås
• NHO ved fungerande regiondirektør Grete Karin Berg
• LO ved regionleiar Roger Pilskog
• Innovasjon Norge Vestland ved direktør Nina Broch Mathisen
• Næringsalliansen i Hordaland ved dagleg leiar Baste Tveito
• Sogn og Fjordane Næringsråd ved dagleg leiar Bjørn Lødemel
• Innovasjonsnettverket INUNET ved leiar for start/skalering i VIS Hilde Indresøvde
• Sparebanken Sogn og Fjordane ved banksjef Roy Stian Farsund

Innspels- og spørsmålsrunde
Kl. 13.20–14.00 Open innspels- og spørsmålsrunde (frå publikum på www.sli.do)

Møteleiar er fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune Bård Sandal