AVLYST – Fylkessamling for folkehelsekoordinatorar og folkehelsekontakter i Vestland

Møtet er avlyst. Grunna risiko for koronasmitte, og i tråd med råd frå FHI avlyser Vestland fylkeskommune alle våre arrangement, kurs og konferanser.

Les meir om bakgrunn for avlysninga: https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2020/avlyser-alle-arrangement/

Vestland fylkeskommune inviterer til samling for folkehelsekoordinatorar, folkehelsekontakter og andre som arbeider med folkehelsearbeid i kommunane i Vestland.

Målet med samlinga er å bli kjende på tvers av dei to «gamle» fylka og legge rammer for korleis vi tenkjer oss samhandling framover som Vestland. Vi legg opp til gode sosiale pausar og felles middag den 17.03.

Når startar vi?

Hovudsamlinga blir ein lunj-til-lunsj samling som startar 17. mars kl. 12.30 og er ferdig 18. mars kl. 11.30. På dag 1 vil også Helsedirektoratet delta.

I tillegg til hovudsamlinga vil det

  • på dag 1 vil vere formøte om arbeidet med regional planstrategi Vestland. For de som har høve ønskjer vi velkomen for å få innsyn i, og kome med innspel til utviklinga av regional planstrategi 2020-2024
  • på dag 2 etter lunsj bli arrangert søkjarkonferanse for nye kommunar som vurderer eller ønskjer å søkje på tilskotsordninga program for folkehelsearbeid. 

Sjå program for meir informasjon.

Reise:
Samlinga er denne første gongen lagt sentralt i Bergen  - nær tog, buss og båt. Vi har lagt opp til at de kan delta på heile samlinga eller deler av samlinga som går over to dagar.