Digital prosjektverkstad

Regionalt forskingsfond Vestland og Forskingsrådet i Vestland inviterer 23. juni til digital prosjektverkstad. Det blir kurs kl. 10.00–11.30, deretter får deltakarane tilbod om individuelle samatalar på 20 min.

Har du ein idé, planlegg du å gå i gang, eller har du allereie starta ein innovasjonsprosess der forsking kan være sentralt for å realisere nye tenester, arbeidsmåtar eller produkt?

På prosjektverkstaden vil du lære meir om å strukturere og planlegge eit forskings- og innovasjonsprosjekt. Dette er nyttig når du skal søkje Forskningsrådet eller Regionalt forskingsfond Vestland om støtte til innovasjonsprosjekt og forprosjekt.

Verkstaden består av to delar. Del to (individuell samtale) er valfri. 

Program

Kl. 09.45–10.00: Kursrommet opnar, og du er klar med kaffekoppen

Kl. 10.00–11.30: Del 1: Kurs og introduksjon til verktøya prosjektkanvas og rettleiing til prosjektstruktur

Kl. 12.00–13.30: Del 2: Individuell samtale om din prosjektidé. Her kan du få 20 min. med ein rådgjevar for å diskutere prosjektidéen din, saman med andre som skal delta i prosjektet.

Hugs å krysse av om du ønskjer slik samtale i påmeldingsskjemaet.