Søk Horisont 2020

Horisont 2020 er verdas største forskings- og innovasjonsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år.

Programmet og utlysingane er delt inn i tre hovudsøyler og tolv fokusområde. Dei tre søylene omfattar framifrå forsking, industrielt leiarskap og samfunnsutfordringar, medan fokusområda inkluderer helsetenester, digital tryggleik, berekraftig transport og utviklinga av smarte byar. 

Kven kan søkje?

Programmet har eit bredt nedslagsfelt og rettar seg mot industri, private verksemder og forskings- og utviklingsaktørar, men også mot offentleg sektor og andre organisasjonar.

Programmet rettar seg difor til brukargrupper som ikkje har vore mykje involverte i denne typen prosjekt tidlegare. Verkemidla for små og mellomstore bedrifter og offentleg sektor er i større grad enn tidlegare bygde inn i programmet.

Vilkår for tildeling

Programmet har ei tverrfagleg tilnærming og utlysingane har etterlyst konkrete vitskaplege løysingar innanfor økonomi, humaniora eller teknologi for spesifikke problemstillingar. Eit viktig mål er å tilpasse innovasjon betre til etterspurnad og flytte den nærare marknaden og brukarane.

Det har vore ei stor satsing på tema som helse, energi og transport og krav på tverfagleg tenking i prosjektdeltaking har vore ein utfordring. Dei alle siste utlysingane kjem i 2020, før det neste rammeprogrammet, Horisont Europa, trer i kraft frå 2021.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.