Erasmus+ for tilsette i ulike verksemder

Søk på Erasmus+ midlar via fylkeskommunen! Få ny kompetanse og utveksle erfaringar med europeiske partnarorganisasjonar.

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Det støttar samarbeidsprosjekt mellom europeiske partnarorganisasjonar og bygger på «Europa 2020»-strategien for ein smart, berekraftig og inkluderande vekst.

Tverrsektorielle gruppeprosjekt

Vestland fylkeskommune får kvart år midlar til prosjekt innan Erasmus+ knytt til våre prioriteringar i Handlingsprogrammet for innovasjon og næringsutvikling.
Nokre av desse midlane gjeld tverrsektorielle gruppeprosjekt (mobilitetsprosjekt) for kortare opphald hos europeiske samarbeidsorganisasjonar. Målsettinga er å få ny kompetanse og inspirasjon, utveklsesjå god praksis og styrkje samarbeid mellom forvalting, arbeidsliv og vidaregåande skule/fagskule. Prosjekttema må vere knytt til eit eller fleire yrkesfag, t.d. reiseliv, helse, tekniske fag, entreprenørskap, marin/maritime fag osb.


Utlysing 2020

Prosjekta kan gjennomførast frå 1. september 2020 – 31. mai 2022. På grunn av den pågåande koronaepidemien, reknar vi med at aktuell tid for dei fleste å reise vil vere i 2021-22. Vi planlegg å lyse ut midlane i medio juni 2020 og  søknadsskjema vert lagt ut på  denne sida.


Kva kan du få støtte til?

Hospitering, opphald og reise med fastsett program på to-tre arbeidsdagar. Programmet finansierer omlag 80% av reelle utgifter etter faste EU-satsar. Dekkjer ikkje løn. Gjeld ikkje deltaking på konferansar. Minst tre deltakarar per gruppeprosjekt.

Kven kan søkje?

Ein næringsaktør, kommune eller ein friviljug organisasjon søkjer på vegne av eit tverrsektorielt lokalt/regionalt partnarskap. Det er eit krav at partnarskapen inkluderer vidaregåande skules yrkesfag eller fagskule. Gruppa utarbeider eit felles prosjekt og program og reiser saman.

Europeiske partnarar

Fylkeskommunen hjelper med å finne relevante europeiske samarbeidspartnarar, dersom de ikkje har det frå før.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.