Tilskot til etableraropplæring for innvandrarar

Tilskotsordninga skal styrke og utvikle kunnskap om korleis ein kan etablere eiga verksemd. Målet er å leggje til rette for at innvandrarar kan starte sine eigne verksemder, som igjen skaper sysselsetjing og vekst.

Fristen for å søkje om midlar er 1. mars 2023. Målet er å gjere vedtak om tildeling i hovudutval for kultur, idrett og integrering i april 2023.

Vestland fylkeskommune hadde 630 000 kr til ordninga i 2022. I 2021 fekk seks ulike prosjekt tildelt mellom 55 000 og 200 000 kr.

Kven kan søke?       

  • Offentlege verksemder som vil leggje til rette for etableraropplæring for innvandrarar
  • Organisasjonar i privat sektor med fagekspertise i etableraropplæring
  • Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret

Ein kan søke om tilskot einskildvis eller i samarbeid med andre.

Kva kan du få støtte til?

Du kan få støtte til

  • opplæring
  • kursing
  • nettverksbygging

Krav til eigenfinansiering

Søkjar må bidra med eigne budsjettmiddel som minst svarer til søknadsbeløpet.

Andre former for eigenfinansiering kan vere infrastruktur som lokale osv. Desse må reknast om til kronebeløp i søknaden.

  • Målsetjing, grunngjeving og forventa resultat når det gjeld føremålet med tilskotsordninga
  • Målgruppe/geografisk område
  • Plan for rekruttering av deltakarar
  • Tidsplan for gjennomføring
  • Plan for opplæring, rettleiing, oppfølging og nettverksbygging for innvandrarar som vil etablere eiga bedrift eller som nyleg har starta eiga bedrift
  • Dokumentere planlagt samarbeid eller samorganisering med kommunalt/fylkeskommunalt tilbod for etablerarrettleiing
  • Dokumentere planlagt samarbeid med introduksjonsprogram og andre kvalifiseringstiltak i regi av kommunar og NAV
  • Dokumenterte resultat frå tidlegare etablerartilbod med tilrettelegging for innvandrarar og for andre grupper.
  • Budsjett inkludert eventuelt andre finansieringskjelder
  • For private verksemder skal årsberetning/-rekneskap og vedtekter leggjast ved

I vurderinga av søknadene legg vi særleg vekt på gjennomføringsevne, slik som tidlegare erfaring og resultat, samt samarbeid med andre.

Den som får tilskot skal rapportere om resultat- og måloppnåing og legge fram rekneskap. Det kjem nærare informasjon om rapporteringskrav i tilskotsbrevet.

Tilskot skal som hovudregel nyttast og rekneskapsførast i 2021. Dersom tilskotet ikkje kan nyttast til føremålet, eller ikkje kan nyttast innan rimeleg tid, skal tilskotet betalast tilbake.

Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at pengane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for sin kontroll.

Vedtak kan klagast på etter forvaltningslova §28, som omhandlar klagerett for part eller anna person med rettsleg klageinteresse ved einskildvedtak. Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast.

Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune.

Enkeltvedtak jf. forvaltningslova (fvl) § 2. Søkarane har derfor ikkje klagetilgang jf. fvl § 3. Elles gjeld saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.