Planar og kunnskapsgrunnlag
I arbeidet vårt ser vi til relevante planar og kunnskapsgrunnlag. Nokre av kjeldene er lista opp under og er gode hjelpemiddel for alle som jobbar med idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Godt kunnskapsgrunnlag, god planforankring og samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor på ulike nivå er avgjerande for å kunne møte behov i framtida.
I tillegg ønskjer vi brei medverknad frå innbyggarane i fylket. Det er deira behov for aktivitet som skal liggje til grunn for utviklinga innan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Fylkeskommunale planar og dokument
- Regional plan for kultur i Hordaland 2015–2025, Premiss: kultur
- Regional plan for kultur i Sogn og Fjordane 2019–2027, Kultur for alle
- Folkehelsebarometer for Vestland 2020
Desse gjeld i det geografiske området dei er vedtekne i, fram til regional plan for kultur i Vestland er vedteken.
Anleggspolitikk
Nasjonale dokument
- Føresegner for tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
- Sammen om aktive liv. Handlingsplan for fysisk aktivitet 2020-2029
- Arealprofilar frå Statistisk sentralbyrå