Arrangementstilskot til større nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap i 2020

Vi har tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap. Les meir og søk innan 14. januar.

Idrettslag og særforbund kan søkje tilskot til store nasjonale og internasjonale junior- og seniormeisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettsleg satsing og positive ringverknader for næringslivet. Søknadsfrist: 14. januar 2020.

NB. Dei som alt har søkt, treng ikkje sende ny søknad.

Kven kan søkje?

  • Organisasjonsledd knytt til Norges idrettsforbund, Norges Bilsportsforbund og Det Frivillige Skyttervesen. Andre organisasjonar blir vurdert særskilt.
  • Idrettslag med adresse i Vestland.

Kva kan støttast?

  • Det kan søkjast om generell meisterskapsstøtte.
  • Ordninga gjeld for større nasjonale og internasjonale seniormeisterskap (ikkje Norgescup).
  • Meisterskap som er likestilt med nasjonale meisterskap som til dømes landsskyttarstevne kan også søke om tilskot.
  • Det same meisterskapet kan støttast frå denne ordninga i tre år. Etter det kan det ev. søkjast om driftstilskot til arrangementet.

Vurdering av søknad

Kriterium som skal omtalast i søknaden:

  • Tal og geografisk spreiing på deltakarar
  • Rekruttering og opplæring av frivillige
  • Budsjett med detaljar om påmeldingsavgift
  • Krav om kommunal medverknad
  • Medie- og marknadsføringsstrategi for arrangementet
  • Nasjonal mediedekning
  • Tyding for lokalsamfunnet i høve til lokalt næringsliv og andre samarbeidspartar
  • Arrangør har ein klår og tydeleg miljøprofil (grøne arrangement)
  • Vestland fylkeskommune har rett til å gjere eigne vurderingar knytt til regionale føringar og styringsdokument

Fristen for rapportering er tre månader etter gjennomført meisterskap. Rapporten skal innehalde skildring av gjennomføring og rekneskap for arrangementet.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans.

Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det blir klaga over, årsaka til at det blir klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til post@vlfk.no.