Sognesjøhytta - Solund kommune

Dagsturhytta i Solund har fått namnet Sognesjøhytta og ligg sør for Hardbakke nær Hopsosen. Det er flott utsyn over Sognesjøen. Hytta har sanitæranlegg og varme.

Bilde av ei dagsturhytte. Hytta står på svaberg nesten heilt ute i havgapet. Det er også ei mindre hytte ved siden av.
Dagsturhytta i Solund, Sognesjøhytta. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Om du ynskjer å padle til Sognesjøhytta, kan du parkere ved Hardbakke hamn. 

Vil du gå til dagsturhytta, kan du parkere ved Solund senter eller ved opparbeida parkeringsplass i Storehaugen byggefelt, like ved Solund idrettspark.    

Stien til hytta

Frå Solund senter går du på vegen gjennom byggjefeltet Storehaugen i retning Solund idrettspark. Den grusa turvegen tek av i krysset ved idrettsparken, og det er bratt stigning opp til Kystarboretet. Vidare flatar terrenget ut, og det er godt grusa sti til enden av Kystarboretet, der grusa tursti endar. Derifrå har du flott utsikt sørover mot Sognesjøen og dagsturhytta. Følg turstien i terrenget vidare sørover eit lite stykke til stiskillet. Ta av mot høgre i retning dagsturhytta. Turstien er nyleg rydda og merka. Stien er i eit flott konglomeratlandskap med vekslande berg, myrar og lynghei. Fleire stader er der fint utsyn i alle retningar.

Nær dagsturhytta er ein liten, skjerma, grunn våg, der kajakkar lett kan landast.

Avstandar

Hytta ligg om lag 15 moh. Det er om lag 3 km frå parkeringsplass til Sognesjøhytta. Går du frå Solund senter må du rekne om lag 1 time på turen.