Om dagsturhytteprosjektet i tidlegare Hordaland

Kommunane i Hordaland fekk hausten 2019 invitasjon til å søkje om tilskot til dagsturhytte frå fylkeskommunen. Dette er ei vidareføring av suksessen i Sogn og Fjordane.

Det er stort engasjement kring prosjektet, og det har vore stor interesse i kommunane. Sjølv med knappe fristar, har mange kommunar fått vedtak om hytter. I tillegg er fleire av hyttene allereie implementerte i planar og budsjett.

Midlar for 2019

Fylkestinget i Hordaland løyvde midlar for å sette i gang med ti hytter i 2019. I finansieringsmodellen ligg det eit fylkeskommunalt tilskot på 200 000 kr til kvar hytte, samt ei gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på 100 000 kr. Hyttene kan i tillegg søkje spelemidlar for inntil 1/3 av kostnaden.

I alle kommunar

Det er planlagt ei hytte i kvar kommune. Bergen kan få fleire. Det blir lagt opp til brei medverknad for kvar hyttene skal plasserast, opparbeiding og drift. Kvar kommune må avgjere om dei vil nytte tilbodet om å få dagsturhytte.

Utbetringar og justeringar

Prosjektet i Sogn og Fjordane har gjort seg ein del erfaringar, som det vidare prosjektet i Vestland no dreg nytte av. Blant anna vil alle hyttene få vedomn. Det vert krav om politisk forankring i kommunane som ønskjer hytte. Det er valfritt for kommunane om ein vil nytte seg av tilbodet om hytte eller ikkje

Kulturelle innslag

Fylkeskommunen ønskjer å  knyte dagsturhytteprosjektet til kulturminne og å få til eit samarbeid med bibliotek og eventuelt andre. Slik vil vi utvide bruken av og målgruppene for hyttene. Saman med samarbeidspartane skal vi leggje til rette med stiar og skilting for at hyttene skal vere lette å finne.