Nynorske turbibliotek
Alle dagsturhyttene har eit nynorsk turbibliotek med freistande bøker som du kan bruke når du er på hytta.

Det nynorske turbiblioteket skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire.
Tilleggsdimensjon til hytta og turopplevinga
Turbiblioteka består hovudsakleg av bøker for barn, men du finn også bøker om blant anna friluftsliv, natur og dyreliv, segner og eventyr, lokale kulturminne og dikt.
Folkebiblioteka i kommunane har ansvaret for turbiblioteka og held det ved like og supplerer med aktuelle bøker. Det nynorske turbiblioteket gir ein fin tilleggsdimensjon til dagsturhytta og turopplevinga. Bøkene er det første du ser når du går inn i hytta og gir farge og trivsel.
Forfattarbesøk og høgtlesing
I 2018 og 2019 vart 68 litteraturarrangement for innvandrarar, førskuleborn og ungdom gjennomført på dagsturhyttene. Fylkesbiblioteket ynskte å fremje lesing og bruk av turbiblioteka og søkte Nasjonalbiblioteket om midlar til felles natur- og kulturopplevingar på dagsturhyttene.
Folkebiblioteka i 18 kommunar inviterte til forfattarbesøk, høgtlesing, og forteljarstunder, og samla fekk over 1600 små og store formidla litteratur på dagsturhyttene. Blant anna vart det arrangert forfattarbesøk saman med Den kulturelle skulesekken på fleire av hyttene.

Lesegledar Gunn Dale Tufte har lesestund med barnehageborn på dagsturhytta Gytta i Førde. Foto: Bente Lund
Styrkar folkehelseperspektivet
Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet i prosjektet.
Folkebiblioteka spelar ei viktig rolle i å fremje lesekompetansen i befolkninga, og bøkene og arrangementa på dagsturhyttene gjer litteraturen synleg og tilgjengeleg for endå fleire.

Lesegledar Trond Strand på Kloppemyrshytta i Stryn.