Nye dagsturhytter 2020/2021

Mange av dagsturhyttene i gamle Hordaland er allereie på plass, og fleire kjem utover sommaren/hausten 2021 og i 2022.

Dagsturhytteprosjektet starta før kommunesamanslåinga før 1. januar 2020 og følgjer difor dei gamle kommunegrensene. Enkelte samanslåtte kommunar får såleis fleire hytter.   

Stad Kystbygg er byggherre for dei nye dagsturhyttene. Hyttene blir bygde i modular i verkstadhallen på Stadlandet. Derifrå går dei med båt så nært som mogleg til der dei skal stå. Siste etappe før montering går anten med lastebil eller helikopter.  

Følg med på dagsturhytta.no og på Facebook/Instagram for meir informsjon: