Bli med på dagsturhyttejakt!
For å motivere flest mogeleg til å gå på tur og bruke hyttene, tilbyr Sparebanken Sogn og Fjordane premie til alle som samlar besøk.
Du kan enten besøke fem dagsturhytter og hente ut premie, eller så kan du få ein ekstra fin premie om du besøker alle dei 26 hyttene!
I september 2019 gjekk hyttejakta over til appen DNT SjekkUT.
Slik deltek du
- Last ned appen DNT SjekkUT på Google play (Android) eller App Store (iPhone).
- Logg inn med din DNT-brukar eller registrer deg. Du treng ikkje å verte medlem i turlaget for å bruke appen.
- Søk etter «dagsturhyttene» i søkefeltet til høgre og vel denne.
- Klikk på «bli med» og du er med i dagsturhyttejakta!
Korleis registrerer du eit besøk?
For å få registrert eit hyttebesøk kan du vere maks 100 meter frå hytta. For å få besøket registrert vel du enten «besøk» eller «besøk med selfie». Du kan òg skrive i gjesteboka til hytta. Dette vil då andre kunne sjå og du kan velje å dele det med venar i sosiale medium.
Hente ut premie
Du bestemmer sjølv om du vil ha liten premie når du har besøkt fem dagsturhytter, eller ein større premie når du har besøkt 26 dagsturhytter. Når du har nådd målet ditt, går du til nærmaste filial av Sparebanken Sogn og Fjordane og viser fram appen (ev. saman med brosjyren). For å finne din nærmaste bank-filialar gå inn på Sparebanken Sogn og Fjordane sine nettsider