Dagsturhyttebrosjyre

Dette er vegvisaren til dei 26 hyttene som er på plass i Sogn og Fjordane - dagsturhyttebrosjyra. Denne vart gitt ut hausten 2019, og no kan du også bla i publikasjonen på nett.

Dagsturhyttene har på mange måtar blitt eit folkehelseprosjekt. Med ei hytte i kvar av dei gamle kommunane i Sogn og Fjordane, har alle innbyggjarane fått nye turmål, og ikkje minst si eiga hytte.

Vi ser at mange reiser til fleire av hyttene, og blir på denne måten også betre kjent i sitt eige heimfylke. Vi ser også at vårt eige fylke blir reisemål for stadig fleire. Sjølv om dei 26 hyttene er heilt identiske, så viser plasseringane mangfaldet vi har. Du finn dagsturhyttene til fjells, i skogen, nær busetnad, ved havet eller inst i fjordarmane.

Brosjyra var eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Tekst og bilete: Stig Roger Eide. Utforming: Ivar Høyvik, Rakkar.

Bla i brosjyra på nett eller last den ned: