Sveio kommune
Dagsturhytta Nipaståvo er på plass ved stien frå Stølen i Auklandshamn mot Emberlandsnipen.
No er det dugnadsarbeid fram til hytta vert opna for publikum. Hytta har eiga side på Facebook.
Tilkomst og parkering
Hytta kjem i nærleiken av Skyggjeberget, på turstien frå Stølen i Auklandshamnn mot Emberlandsnipen. Parkering er ikkje avklart.
Stien til hytta
Stien går frå Stølen i lett terreng gjennom lauv- og furuskog. Lett stigning mot hytta på god sti. Hytta skal ligge på omtrent 170 moh.
Avstandar
Turen skal vere på omlag 2,8 km og tar 45 minuttar å gå for ein vaksen i roleg tempo.