Fjordblikk - dagsturhytta i Masfjorden

Dagsturhytta i Masfjorden kjem i Grøttneset mellom Mjanger og Kvingo og har fått namnet Fjordblikk.

Hytta kjem frå fabrikk i slutten av september, og målet er at dagsturhytta Fjordblikk kan opnast innan utgangen av oktober.

Det vore mykje dugnadsaktivitet i området. Kvinge grendalag har lagt ned eit formidabelt arbeid med tilrettelegging. Tomt har blitt klargjort og det er støypt fundament slik at hytteelementa som kjem kan plasserast direkte på ramma. Stiane fram til der hytta skal koma, og i området elles, er utbetra og merka. Det er spikra klopper over fleire våte parti. Det vert laga parkeringsplass ved turstart, kulturlandskapet på veg til Kvingebakken er stelt og badestranda ved hytta er rydda. Alt dette arbeidet er utført av grendalaget med gode hjelparar.

Tilkomst og parkering

Kjem du frå sør svingar du av frå E39 v/ Andåskrysset og køyrer 13 km i retning Masfjordnes på Fv 570. Kjem du frå nord køyrer du 15 km frå Masfjordnes på Fv 570.

I Nord-Kvingekrysset tvers ovenfor buss-skur startar skilting mot dagsturhytta. Her svingar du inn på kommunal veg og køyrer 1 km til hovudparkering like forbi Kvingebakkevegen 100.

Kjem du med buss går du av i vegkrysset på Nord- Kvingo og går 1 km langs den kommunale vegen til hovudparkering og der stiane startar.

Etter kvart kjem det også ein parkeringsplass ved avkøyrsla frå Fv 570, i Nord-Kvingekrysset.

Frå 2022 kan du også nytta universelt utforma gangveg derifrå (over Stien) og heilt fram til hytta.

Ønskjer du å padla til hytta kan du  parkera på tilvist plass ved kaien på Nord- Kvingo  eller v/ båthavna på Kvingebakken. Kjem du sjøvegen kan du leggja til ved ilandstigningsplass nedanfor hytta. 

Stien til hytta

Frå hovudparkering går du i godt merka løype, først på skogsveg og deretter sti, i småkupert og tilnærma flatt terreng. Om lag halvvegs deler stien seg i to der du kan velja om du vil ta turen over Flena eller gjennom Skarhellerdalen fram til hytta. Hytta ligg ved sjøen.

I 2022 vil det også vera ferdig universelt utforma turveg frå Fv 570 og heilt fram til dagsturhytta med total lengde 2,4 km frå FV 570 eller 1,4 km frå hovudparkering.

I området mellom parkeringsplassar og hytta er det fleire alternative løyper ein kan velja.

Avstandar

Frå hovudparkering er det 1, 5 km/ ca 30 minutt roleg gange fram til hytta. Du kan og velja sti rundt Kjeringatåna frå båthavna. Dette er ein tur på ca 3 km/  1 time langs Kvingevågen og Austfjorden i litt meir kupert terreng.