Dagsturhytta på Vardefjell, Alver kommune

Ei av dei tre dagsturhyttene i Alver kommune skal liggje på Vardefjell.

Alver, Vardefjellet.jpg
Foto: Alver kommune/The Virtulab

Dagsturhytta på Vardefjellet når du lettast frå Lindås, der det er grusa veg heilt fram til hytta. Turen tar kring 15 minutt å gå, og på toppen har du flott utsikt mot Lindås, Radøy og Austrheim. Du har også utsikt mot industriområdet på Mongstad, som har vore så viktig for vår region i over 40 år. 

Tilkomst og parkering

Du kan koma til hytta på Vardefjellet frå fleire stader. Det enklaste er å gå frå parkeringsplassen i Kolåsvegen ved Lindås. Ta av frå FV 57 mot Lindås senter og deretter første veg til venstre mot Kolås. Følg Kolåsvegen vidare heilt til du kjem til parkeringsplassen, som ligg ved innkøyringa til Kolåsvegen 110-126. Næraste busstopp er Kolås kryss.

Stien til hytta

Turen startar ved parkeringsplassen ved Kolåsvegen. Følg skilta grusveg heilt fram til hytta. Ein del av vegen er bratt.  Det er også mogleg å gå på stiar frå Rossnes, Sundsbø eller Fanebust. Då vert turen lengre.

Avstandar

Det er om lag 1,1 km frå parkeringsplassen ved Kolåsvegen til dagsturhytta, eller kring 15 minutt å gå.