Dagsturhytta på Eldsfjellet, Alver kommune

Ei av dei tre dagsturhyttene i Alver kommune skal liggje på Eldsfjellet.

Alver, Eldsfjellet.jpg
Foto: Alver kommune/The Virtulab

Hytta på Eldsfjellet vert plassert like nedanfor Varden, som er det høgaste punktet på Eldsfjellet. Dette er den tøffaste av dei tre dagsturhytteturane, men slitet vert belønna med ei fantastisk utsikt frå toppen. Ønskjer du å gå endå lengre kan du gå vidare i flott fjellandskap til Veten på Eldsfjellet.

Tilkomst og parkering

Stien til Varden på Eldsfjellet startar ved motorcrossbana på Rossland, omlag tre kilometer nord for Vikebø i retning Skjelanger (fv5318). Parkering langs vegen fram til parkeringsplass er bygd.

Stien til hytta

Stien startar rett nord for motorcrossbana på Rossland. Turen startar ganske bratt oppover i skog til ein kjem over tregrensa. Videre flatar stien ut, før den igjen vert bratt på slutten. Varden på det høgaste punktet ligg på 324 moh. og dagsturhytta ligg om lag 100 meter aust for varden. 

Ver merksam på at det er ein del røter på stien som kan vera svært glatte. Når det er snø og is må ein vera ekstra varsam.

Avstandar

Turen er om lag 1,2 kilometer og tar kring 45 minutt å gå.