Dagsturhytta i Byngja, Alver kommune

Ei av dei tre dagsturhyttene i Alver kommune skal liggje i Byngja.

Alver, Byngja.jpg
Foto: Alver kommune/The Virtulab

Dagsturhytta på Byngja ligg heilt i sjøkanten, slik at du kan komme heilt fram med kajakk og båt, men den ligg òg berre ein kort spasertur frå parkeringsplassen på Kvalheim. Det vert jobba for at denne dagsturhytta skal få universell tilkomst. 

Tilkomst og parkering

Ynskjer du å koma til Byngja til fots, ta av frå FV5484 kring 8,5 kilometer nord for Manger eller 1 kilometer sør for Bøvågen og følg skilting mot Byngja. Parker på parkeringsplassen for friluftsområdet. Næraste busstopp er Byngja kryss, evt Kvalheim kryss for litt fleire avgangar.

Ynskjer du å padla eller ro til Byngja kan t.d. du parkera ved Toskavegen, Bøvågen eller Rossnes.

Stien til hytta

Løypa startar ved parkeringsplassen for friluftsområdet i Byngja. Følg markavegen til badeplassen, og sti vidare sørover derifrå. 

Avstandar

Det er om lag 750 meter frå parkeringsplassen til hytta, eller kring 10-15 minutt å gå.