Austevoll kommune - Adlesi

Dagsturhytta i Austevoll ligg like ved toppen på Loddo. Den har fått namnet Adlesi, eit namn som ifølgje kommunen fortel det aller viktigaste, nemleg at hytta er alle si.

Bilete av dagsturhytte i naturen
Dagsturhytta i Austevoll. Foto: Stine Emilie Konradsen

Grunna koronasituasjonen er ikkje hytta open, men alt rundt hytta er klart så det er mogleg å besøke den.

Tilkomst og parkering

Frå ferjekaien på Hufthammar fylgjer du fv 546 til rundkøyring og tar til høgre inn på fv 5144. Følg denne i om lag 6-7 min til du ser skilt mot høgre inn på parkeringsplassen i Åno. Åno er utgangspunktet for turnettverket på Loddo, og for å komma seg til dagsturhytta. Dersom ein ynskjer ein lengre tur kan ein også starte ved turløypa frå Vinnesvatnet, opp til Veten og vidare via Vardfjellet før ein kjem til Loddo.

Stien til hytta

Løypa startar ved parkeringsplassen i Åno, kor du fylgjer grusvegen 1 km til løypa delar seg i tre.

Raud løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen. Etter om lag 500 m fortsett du på bratt skogssti. 200 m frå toppen på Loddo tar du til venstre og går 100 m inn til dagsturhytta.

Orange løype: ta til venstre i krysset og følg den grusa vegen om lag 200 m før du tar til venstre i bakken. Følg skogsstien fram til tretrappene mot toppen. 150 frå toppen tar du til høgre ned raud løype der du finn dagsturhytta på høgre side av stien.

Kvit løype: ta til høgre i krysset og følg kvit løype til Loddo. Frå toppen går du ned raud løype om lag 200 m og tar inn til høgre der hytta ligg.

Avstandar

Frå parkeringsplassen er det 2,3 km  til hytta, og det tek ca 30 min å gå.