Å Vestland, Vestland

«Å, Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik». Dette er byrjinga på ein song som er velkjend for mange. Men no er Vestland òg eit fylke.

Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune har slått seg saman og frå 1. januar 2020 er vi Vestland. So no er tida for å bli kjent med ditt nye fylke. På denne nettstaden finn du alle tenestene som fylkeskommunen har ansvar for. Dei fleste tenestene har vi alltid hatt, men nokre er nye, som planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Planen er at alle dei 11 fylkeskommunane i Noreg skal få nye oppgåver frå staten etter kvart.

Her finn du òg informasjon om dei politiske møta og politisk leiing. Under menypunktet «Tenester» i toppen av sida får du oversikt over alle dei viktigaste tenesta våre. Under «Om oss» kan du lese om korleis fylkeskommunen er organisert, finne informasjon om leiarar, samfunnsoppdrag, visjon og verdiar, grafisk profil, innkjøp og faktura og meir.  I tillegg er det her du finn fakta om ditt nye fylke.

Du kan òg lese våre nyheiter og kvifor ikkje begynne å abonnere på dei? Då får du e-post med den siste nyheiten frå fylkeskommunen. Du kan velje om du vil abonnere på alle nyheitane eller berre dei tema du er spesielt interessert i.

Ikkje all tekst er heilt på plass på nettstaden. Meir tekst, informasjon, tilskotsordningar og så bortetter, blir publisert så snart dei er klare.

Å, Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik.

Tilbake til songen «Å, Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik.» For om du ser på den grafiske profilen til fylkeskommunen vil du sjå at det er nettopp det vi gjer. Formene er dei sama som om du skulle sett eit kart over Vestland i fugleperspektiv. Det er markert både fjordar og fjell, skog og mykje vestlandsvêr. Alle skulane og tannklinikkane våre er òg markerte. Sjekk ut den lille filmsnutten som viser dei spreke fargene i paletten og litt av det visuelle du kan sjå frå din nye fylkeskommune.