Byggestart i Jacob Kjødes veg

I februar starta entreprenør Fyllingen Maskin arbeidet på Paradis.

BRU: No blir det gjort klart til den nye brua som kjem på plass sommaren 2022.
BRU: No blir det gjort klart til den nye brua som kjem på plass sommaren 2022.

– I den første fasen av prosjektet skal det gjerast klart til landkar som gang- og sykkelbrua skal stå på. Det må sprengast til, og dei nærmaste naboane kjem til å kjenne vibrasjonar og høyre smell, seier byggeleiar Ronny André Bertelsen i Vestland fylkeskommune.

I forkant av kvar sprenging blir det gitt signal.

I løpet av eit døgn har entreprenør lov å sprenge to gangar, og berre innanfor ei gitt tid. På Paradis er det også tilpassa avgangstidene til bybanen.

Spesiell bru

– Brua er også ganske spesiell. Den er har lang levetid og krev minimalt med vedlikehald. Denne type bru er rimeleg ny i Noreg, fortel Bertelsen.

Brua kjem på plass sommaren 2022.