Vardebrua på plass før jul

Module Solutions & Systems AS vann konkurransen om å få bygge Vardebrua i Austrheim.

vardebrua-illustrasjon-statens-vegvesen.jpg
SNART PÅ PLASS: I løpet av desember blir Vardebrua heist på plass over fylkesveg 565 i Austrheim.

Brua som kjem til å gå over fylkesveg 565 på Fonnes i Austrheim kommune er i glassfiberarmert plast.
– Fordelen med denne brua er at den krev lite vedlikehald samanlikna med andre, fortel byggeleiar Inge-André Håkull.

Montert på ei natt

Vardebrua kjem til å binde saman 700 meter med gang- og sykkelveg. Brua blir bygd i eit materiale som krev lite vedlikehald, er lettare enn ei betongbru, og i lengda vil koste mindre.
–Brua kjem ferdig produsert på semitrailer og blir heist på plass i løpet av ei natt. Du legg deg om kvelden, og når du står opp om morgonen er brua på plass, seier Håkull.

Arbeidet med landkara, konstruksjonane som brua skal plasserast på, er i full gang. Denne veka vart plata til det eine landkaret støypt.

På plass i desember

Prosjektet blei først lyst ut før jul av Statens vegvesen, men oppdragsgjevar er Vestland fylkeskommune som no er byggherre. Konkurransen blei også avlyst fordi prisen var høgare enn det Statens vegvesen hadde berekna.

Module Solutions & Systems AS  som held til på Sola utanfor Stavanger vann konkurransen. Prisen på brua er 4,781 millionar kroner utan moms.

Brua skal etter planen monterast i desember 2020.

DSC_0002.JPG
GANGVEG: Her kjem den nye gang- og sykkelvegen som leier opp til brua.