Fv. 57 Knarvik-Isdalstø

Veg: fv. 57
Fase: Planlegging
Kommune: Alver
Mål: Ny veg og tunnel
Kostnad: 22 millioner kroner (2017)

 

I Nordhordlandspakken er det berre prosjektering og grunnerverv av prosjektet som inngår.

Ny veg mellom Knarvik og Isdalstø er planlagt å gå i toløps-tunnel, Knarviktunnelen. Lengda på ny veg er 2,1 km, der tunnelen utgjer om lag 2 km. Det pågår arbeid med kommunedelplan (KDP) for ny E39 Flatøy–Eikefettunnelen, og løysinga som vert valt her vil påverke utforming av Knarviktunnelen. Vidare arbeid med fv. 57 Knarvik–Isdal er difor satt på vent inntil ny trasé for E39 er avklart.