Fv. 564 trafikksikring på Holme

Veg: fv. 564
Fase: Ferdig
Kommune: Alver
Mål: Trafikksikring
Kostnad: 17 millionar kroner (2017)

 

Bygging av undergang/kulvert for mjuke trafikantar under eksisterande fylkesveg på Holme, samt oppgradering av to nye busshaldeplassar. Eksisterande kryss er  flytta litt sørover. Det skal er bygd eit 250 meter langt fortau langs fv. 247.

Prosjektet hadde ei økonomisk ramme på 16 millionar kroner (2017) + 1 million kroner (2018) til fortau.

Ferdig i desember 2019.