Fv. 564 Fløksand-Vikebø

Veg: fv. 564
Fase: Planlegging
Kommune: Alver
Mål: Utbetring av veg samt bygging av gang- og sykkelveg
Kostnad: 110 millionar kroner (2017)

 

Prosjektet omfattar omlegging og utbetring av eksisterande veg og bygging av gang- og sykkelveg over ei om lag fire km lang strekning mellom Fløksand og Vikebø i Alver kommune.

På grunn av dårlege grunnforhold over ca. 800m i søndre del av prosjektet ved Leiro, vil det bli bygd ny veg aust for eksisterande trasé.