Fv. 245 Fosse-Moldekleiv

Veg: fv. 5310 (nytt nummer)
Fase: Planlegging
Kommune: Alver
Mål: Utbetring av veg, bygging av gang- og sykkelveg, justering av avkøyrsler, kryss og kollektivhaldeplassar. 
Kostnad: 97 millionar kroner (2017)

 

Prosjektet omfattar utbetring av eksisterande veg på ei 3,5 km lang strekning. Prosjektet omfattar også bygging av gang- og sykkelveg på delar av strekninga, samt justering av eksisterande avkøyrsler, kryss og kollektivhaldeplassar. Prosjektet nr. 12, fv. 564 Fosse-krysset er inkludert i planfasen for dette prosjektet.

Prosjektet har ei økonomisk ramme på totalt 97 mill (2017 kr), 86 + 11 millionar for begge prosjekta.