Varsel om planoppstart for fv. 500 Kroka–Sundal

No startar arbeidet med detaljregulering for fv. 551 Kroka–Sundal,

Formål med planen er å sikre den mest skredutsette strekninga innanfor planområdet, og dette ved å regulere ein rassikringstunnel. Forprosjektet frå mars 2018, sjå vedlegg, tilrår den kortaste tunnelen som det no vert starta planarbeid med. Lengde på tunnelen er ca. 1400 meter.

Planavgresing
PLANAVGRENSING: Fv. 500 Kroka-Sundal

Planarbeidet omfattar i tillegg deponiområde for overskotsmassar på ein anna teig, ved Dysnes i Austrepollen. Området er eit tidlegere deponi frå utbygginga av Folgefonnstunnelen. Tiltaket er ikkje vurdert som spesielt stort, og massane som vert lagra vil verta nytta til utbyggingsprosjekt som pågår i kommunen. 

Deponiomårde fv. 500
DEPONIOMRÅDE: Planarbeidet omfattar i tillegg overskotsmassar ved Dysnes i Austrepollen.

Planarbeidet vert eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Kvinnherad kommune jf. referat frå oppstartsmøte. Sjå vedlegg.
Det er eit mål at Statens vegvesen sender forslag til reguleringsplan til handsaming i Kvinnherad kommune innan utgangen av 2019.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing, sjå vedlagt notat datert 16.04.19Konsekvensane av vegtiltaket vil bli vurdert og gjort greie for i planomtalen som ein del av planarbeidet.

Folkemøte

Det er planlagt å halde to folkemøte som del av planarbeidet, og første møte vert tirsdag 28.05.19, kl. 18–20 på Mauranger skule.

Innspel

Innspel til planarbeidet skal sendast innan 14. juni 2019 som til:

Kontakt

Spørmål kan rettas til planprosjektleiar Gunn Cecilie Omre tlf. 958 36 717, eller e-post: gunn.omre@vegvesen.no

 

Publisert 29.04.2019