Stor interesse på tilbodskonferansen

Fredag 15. november var det tilbodskonferanse i Sundal. 23 deltakarar fekk høyre meir om arbeidet som skal gjerast på den 22 kilometer lange strekninga på fylkesvegen frå Folgefonntunnelen til Årsnes.

Arbeidet gjeld tunnel og vegutbetring på strekninga, og tilbodskonferansen starta med ein gjennomgang av konkurransen, og blei avslutta med synfaring på strekninga.

-Konkurranseprega dialog med samspel er nok ny for dei fleste som var til stades denne dagen. Samarbeidet vil innebere meir dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. Ved å involvere entreprenøren på eit tidlegare tidspunkt, kan vi nytte partanes samla kompetanse til å finne gode løysingar og eit betre sluttprodukt, seier Haakon Innset som er byggeleiar i Kvinnheradpakken.

Innset fortel at det var god stemning på konferansen, og leverandørane ga uttrykk for at konkurranseforma var interessant og noko dei ønsker å vere med på.

-Eg er  glad for at vi no har nådd en viktig milestolpe i prosjektet, og er i gong, seier han.

No er fristen for søknad om prekvalifisering er satt til 4. desember.

-Då skal vi ha klart kva leverandørar som blir med inn i dialogfasen før vi tek jolaferie. Dialogfasen skal gjennomførast i januar 2020, seier Innset.

Tilbodskonferansen i Sunndal.jpg


Publisert 22.11.2019