Nytt ferjesamband mot Stord

Innkorting av ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord er viktig – ikkje berre for Kvinnherad, men også for å binde saman Sunnhordlandsregionen og styrke  felles bu- og arbeidsmarknad.

Veg: Fv. 544
Fase: Planfase
Mål: Innkorting av ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord er viktig – ikkje berre for Kvinnherad åleine, men også for å binde saman Sunnhordlandsregionen og styrkje den felles bu- og arbeidsmarknaden.
Kostnad: 5. mill. kr.
Kommune: Kvinnherad, Stord


I høve til dagens løysing er det stort potensiale for auka transporteffektivitet og meir berekraftige transportløysingar.

Hordaland fylkeskommune driv fram arbeidet med ein interkommunal plan for nytt ferjesamband, og det er stor vilje i begge kommunar for å jobbe fram eit meir attraktivt og miljøvenleg samband mellom dei to kommunane. I tillegg til å knytte regionen saman skal sambandet gi Kvinnherad god tilknyting til E39.